Startsiden Artikkeloversikt Skreppa til Steins-Vallersen
Skreppa til Steins-Vallersen PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Olav Norheim   
tirsdag 21. april 2009 07:42

Ein valdris skal ha lurt alle då han fekk kjøpt storgarden Stein på auksjon ein gong. For han såg ikkje ut som han hadde pengar. Han såg ut som den han var, ein bonde og driftekar frå Valdres. Og han vart heitande Steinsvallersen.

 


I 1711 fekk Johannes Johannessen Frigstad frå Slidre tilslaget på garden Stein på ein auksjon, eller aksjon som det heiter på gamalt Valdres- og Ringeriksmål. Futen Lars Tønder selde garden ”med egen som sin kjære Hustrus velberådde hu og fri vilje” til Johannes. Johannes er omtala i Hole bygdebok bind 2. Då han kjøpte Stein, var han enkjemann med ni ungar frå 25 år og ned til fire. Berre eldstejenta Marit vart att i Slidre og var gift der. Resten av ungeflokken vart integrert på Ringerike. Han hadde Stein til 1728, då han bytta bort Stein mot Nedre Vik og Søndre By.

”denna filleruggen …”
Lokalhistorikaren Peter Lyse frå Hole skreiv i 1976 ei bok med målføre og tradisjon frå Ringerike: Attved Tyrifjorden. Der fortel han slik om vallersen som skulle ha kome til Stein før auksjonen sumaren 1711 ”… å fekk arbe i slåtten. Han hadde ei gammal sjinnskreppe, å den slengt’n innunner kjøkkentrammen. På aksjonsdagen hadde det møtt fram fleire mektie kjøperer, vallersen me skreppa au. Han ga et meiningslaust lågt bu, å storkara ville hølle litt leven me’n å la på en daler å to, denna filleruggen kunne jo itte ha no å kjøpe Stein før håkkesom.” Valdrisen baud over like fort som storkarane, og fekk tilslaget på 840 riksdalar. Då syntest lensmannen det fekk vera nok tull: ”Ja, så var’e kausjon da, du har vel no’n hær som kan kausjonere for dei?”  Då tok valdrisen fram den gamle skreppa: ”E tenkjer denne her får vera kausjon, e”, sa’n, å mere moro vart de. Det var brått slutt på morroa da’n tok opp di åttehundre-å-førråtjue dalera å hadde mere tel …”

Ja slik fortel Ringeriks-tradisjonen om Johannes Frigstad frå Slidre, som altså er Steinsvallersen vår.

Ein kjent driftekar
Forfattaren og stadnamngranskaren Margit Harsson som har skrive boka Stein – en storgård på Ringerike (2000), fortel historia annleis. Ho har undersøkt, ho, ser du, og det er vel det ein aldri skal gjera med ei god historie? Ho fortel at Johannes hadde drive med fe- og hestehandel i åra før han kjøpte Stein, og han hadde mange gonger fare som driftekar over Ringerike. På desse turane hadde han sjølvsagt sett garden Stein og visste kva den var god for. Johannes hadde mykje meir pengar enn dei 840 dalarane, så historia om den fattigslege slåttekaren som slengte skreppa under trammen er nokså usannsynleg, skriv ho. Men så legg ho til at Johannes i samanlikning med andre storkarar på Ringerike nok skilte seg noko ut, både i klesveg og talemål.

Skreppa i bygdearkivet
Meir skulle det vel ikkje til i standssamfunnet på Ringerike før det vart dikta historie om ein fjellbonde og innflyttar frå Valdres. Det finst oppbevart ei skreppe i Hole bygdearkiv, som vi håpar og trur skal vera skreppa til Steinsvallersen, fotografert i Margit si bok om Stein. Skreppa er sydd av hud frå kyr, hest eller elg.

Den store parykk-tida
Noko anna med kan ha gjort at slidringen vart sett på som lågareståande i høve til ”storkara”. Han hadde kanskje ikkje parykk, men lue. For dette er den store parykk- og hattetida. Stein hadde vore futegard sidan 1680-åra, og futen gjekk sjølvsagt med parykk. Storfolket måtte då som no finne på noko for å vise seg og bli sett. Fine fruer fekk sett opp håret sitt med vifter og kniplingar og band i noko dei kalla fontange, det er fransk, ser du. Gjerne med ein hatt på toppen. Svære herrar som skrivar, fut, prokurator, prest, og gjerne lensmann og storbonde, dei sprada omkring i sumarvarmen med parykk, sveitte og varme, og andre tok etter. Dyrt vart det også. Dei måtte betale parykk-skatt for å visast slik. Steinsvallersen var vel helst ein luemann.

(Trykt i avisa Valdres i mars 2009)